lørdag 15. desember 2012

ME SØKJER EKSTRAHJELP PÅ SVINGEN!

Hei!

Me er på jakt etter ekstrahjelp i butikken som kan jobbe typisk laurdagar, under ferieavvikling og i travle periodar. Den me søkjer er ansvarsbevisst, pliktoppfyllande og ikkje minst interessert i møblar og interiør. Å yte god service er viktig for oss, så det er viktig at vår nye medarbeider er "serviceminded", har godt humør og synes det er kjekt å gjere kundane våre fornøyde. Oppgåvene vil primært vere kundebehandling og førefallande butikkarbeid. 

Kan dette vere interessant for deg? Send oss i såfall ein kort søknad m/CV til kathrinegaugstad@hotmail.com.

Dersom du har spørsmål, stikk innom butikken eller ring Kathrine på 46831251.

Helsing Kathrine


lørdag 1. desember 2012

"BERRE LITT" JULESTEMNING...?

Har du ein krok, hjørne eller berre ein liten plass i gangen, på soverommet eller på badet du skulle hatt berre litegrann julepynt? Det skal ikkje alltid så mykje til for å gje oss eit "julehint", ofte kan små ting vere med å skapa dei rette kjenslene av at julehøgtia er like rundt hjørnet...

Bloomingville juleklokke, kr 99,-

DesignLetters espressokopper 1-4, kr 349,-



Durance´s juleduft i appelsin og kanel i eksklusiv gåveboks. Lyset har treveke som gjer at det knitrer når det brenn. Kr 315,- 


Søte nissar frå Maileg.

Juletre frå TineK Home. Kr 129,-


TineK Home metallanterne med stjernemønster. Kr 129,-

TineK Home adventslys. Kryss ut dag for dag..:-) Kr 119,-

TineK Home, miniduftlys, Christmas. Kr 49,-

TineK Home telysholdere med stjerner. Kr 49,- pr stk

TineK Home stjerner laga av greiner (3 stjerner på bilete). Veldig enkle og dekorative. Kr 149,- for 3 stk. 


Alt finn du sjølvsagt både i butikken vår på Tysnes og i nettbutikken vår HER!

Ha ein fin kveld!

Kathrine