lørdag 21. april 2012

KUNDEKVELD



Måndag 30. april kl 1900 inviterer me til kundekveld. Det blir mange gode tilbod, enkel servering og forhåpentligvis god stemning. Me får også besøk av interiørarkitekten og Tysnesingen Lene Pettersen Utbjoe som i desse dagar hentar inspirasjon i Milano! 


Treng du litt tips og råd frå ein interiørarkitekt? Kjem du innom oss denne kvelden, er du automatisk med i trekninga av ein gratis time med Lene! I tillegg vankar det ei overrasking til dei 20 første kundane:-)

I butikken har me no masse nyheter, både innan møblar og interiør. I tillegg kan du finna mykje fint i den splitter nye klesavdelinga vår!

Velkomen til vårens happening på Svingen!


God helg!

Ingen kommentarer: