fredag 27. april 2012

RICE

Hei!
Mykje nytt frå Rice er no å finna i butikken! Fargerikt og perfekt til vår og sommarstemning. Koppar, fat og bestikk i melamin, både til vaksne og born er supert både heime, i hagen, i båten og på hytta! Mix og match som du vil:-)







(litt mørke bilete, men blitsen låg akkurat litt for langt unna....)

God helg!

K

lørdag 21. april 2012

KUNDEKVELD



Måndag 30. april kl 1900 inviterer me til kundekveld. Det blir mange gode tilbod, enkel servering og forhåpentligvis god stemning. Me får også besøk av interiørarkitekten og Tysnesingen Lene Pettersen Utbjoe som i desse dagar hentar inspirasjon i Milano! 


Treng du litt tips og råd frå ein interiørarkitekt? Kjem du innom oss denne kvelden, er du automatisk med i trekninga av ein gratis time med Lene! I tillegg vankar det ei overrasking til dei 20 første kundane:-)

I butikken har me no masse nyheter, både innan møblar og interiør. I tillegg kan du finna mykje fint i den splitter nye klesavdelinga vår!

Velkomen til vårens happening på Svingen!


God helg!

onsdag 18. april 2012

Design Letters

Hei!
I dag har me fått inn überfine porselenskoppar frå Design Letters. Enkle kvite koppar med bokstav på. Typografien er Arne Jacobsen design (!). Dei er så utrulig lekre... Kva med ein kopp til kvart familiemedlem eller ein "S" kopp til sukker? Passar til kaffi, te, snacks, blyanter osv osv.
Til koppane fins det også eit separat lokk i tre. Og så fins det søte mjølkekanner med "M" på...
I morgon er  dei på plass i nettbutikken vår også!









Ha ein fin kveld!

torsdag 12. april 2012

www.svingenmobler.no - 7 dagar igjen!!!

Hei!
Om 1 veke -TORSDAG 19. APRIL- opnar me nettbutikken og det gler me oss kjempemasse til! Av butikksortimentet vårt er det i fyrste omgong interiørvarer, kle og tilbehør du vil finna i nettbutikken. Ynskjer du små møblar og større møblar er du hjarteleg velkomen i butikken vår på Tysnes (og hugs at me leverer møblar gratis til deg som bur i Hordaland;-))
Me vil framleis at så mange som mogleg skal vite om oss og blir kjempeglad om du deler Facebooksida vår med venene dine! Du kan då vere med i denne trekninga:-) Tusen takk til dei som har delt og som vil dele vidare!!! Det er eg kjempeglad for!


Fin kveld til alle!

Kathrine

onsdag 11. april 2012

Vårfresht i butikken

Hei!
I dag har me endeleg fått på plass litt av kleskolleksjonen vår. Legg ved eit par bilete av vårfreshe kle i lekre fargar, her representert av by Second Female, Custommade og Saint Tropez!



mandag 9. april 2012

Nytt frå Lulu´s

Hei alle!

I løpet av siste veka har me fått fleire nye varer frå det norske merket Lulu´s. 
Vesker, lommebøker og handlenett er no i hus! 

Sjekk elles FB sida vår for bilete av fleire varer frå Lulu´s :-)

Med ynskje om ei fin veka til dåke alle!


Veske i PU kr 1199,-, lommebok i PU (med 2 glidelåser) kr 299,-


  
Beige lommebok i skinn (med 2 glidelåser) kr 599,-




Superkult handlenett kr 299,-

onsdag 4. april 2012

Oslopåske = nye merker i butikken

Hei!

Familien kosar seg på "hytta" i Oslo og mor nytta høve til å besøke agenturet til Kate Hermansen. Eg reiser sjeldan tilbake frå Oslo tomhendt og det skjer heller ikkje denne gongen. Nyheter som blir å finne hos oss på Svingen i løpet av den nærmaste månaden er: 

DEBORAH LIPPMANN
Fantastiske neglelakkar i fantastiske fargar. Superpopulær i innland og utland og no blir dei altså å finne oss oss på Svingen! 
Les om kva blant anna bloggaren Camilla Pihl meiner om Deborah Lippmann :-) her 
eller artikkel på Side2 her


VOLUSPA DUFTLYS
Eksklusive duftlys som dufter himmelsk. Nydelege er dei å sjå på også, og det er jo alltid kjekt!

PUKKA TE

http://pukka.no/images/presse/loveTeaBox.jpg 


Meir informasjon, bileter og prisar kjem etterkvart som varene er i hus!

GOD PÅSKE ALLE SAMAN OG HUGS AT ME HAR OPE 0900-1600 PÅ PÅSKEAFTA!
K