mandag 3. juni 2013

KÄHLER

Kähler er nytt merke i butikk. 
Dansk keramikkdesign sidan 1839!
Vakre ting med tidlause uttrykk. Kähler er i vinden og me er så heldige å ha fått desse vakre produkta i butikken. Her er eit lite bildedryss av det du no kan finne på Svingen!


-LOVE SONG-

Unik og moderne vaseserie, den perfekte bryllaupspresang til designelskere. Tematisk bunde saman av, og dekorert med orda frå kjærlighetssangar: "Love me tender", "All you need is love" og "It had to be you". Sjå bloggaren The Vintage Hausfraus flotte inspirasjonsbilder av Love Song HER


-FIDUCIA-

Stramt, enkelt og sterkt design. Vaser og lysestaker som kan kombineres på ulike måtar ved hjelp av dei små "magnetarmane". 


-BOTANICA MINI-

Nydelege vaser i støva fargar som kan passe i dei fleste heimar. Vasane har enkle former og fins også i større og volumiøse variantar. Du finn begge deler på Svingen:-)


 -OMAGGIO VASER-

Eit sterkt designstatement! Vasane snakkar for seg sjølv. Dei kan også miksast med andre skåler og lysestaker i samme serie for ein annaleis heilhet av former og striper. 


 -URBANIA-

Stemningsfulle lyshus som er ei fortolking av det moderne byrom.


Fleire produktbilete kan du straks finne på Facebooksida vår HER!

mandag 27. mai 2013

LEDIG DELTIDSSTILLING

Hei!


Me har no ledig deltidsstilling som butikkmedarbeider på Svingen.

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte.

Me søkjer etter deg som er spesielt interessert i møblar og interiør. I tillegg set me pris på at du er serviceinnstilt, kreativ og strukturert og at du kan jobbe sjølvstendig. Som butikkmedarbeider må du også vere imøtekommande, blid og positiv.

Er dette noko for deg?

Send i såfall ein søknad med CV til oss på post@svingenmobler.no, mrk "Deltidsstilling".
For evt spørsmål ta kontakt med Kathrine på tlf 46 83 12 51. 

Søknadsfrist: 02.06.13 









lørdag 11. mai 2013

....OG VINNAREN AV SYSTERP ARMBANDET ER.......

Hei!

No var det jammen lenge sidan me har vore oppdatert på bloggen! Det går helst i kjappe meldingar på FACEBOOK og INSTAGRAM (der finn du oss under "SvingenKathrine"). 
Plutselig passerte me 1500 likere og då er det tid for trekning av det vakre SysterP armbandet som du kanskje har sett her på bloggen. Ved hjelp av random.org har me no kåra ein vinnar!!!

Den heldige som får armbandet tilsendt er:
Guri Marie Kristoffersen!

Du har fått mail:-)




Fin kveld til dåke alle!
Helsing frå Svingen