Eg har lenge hatt planar om å inkludere eit lite kleskonsept i butikken. For dåke som ikkje har vore innom oss, så har me ein stor møbel og interiør butikk på ca 800 kvm over 3 plan. Her jobber me altså med å få til ein liten shop-in-shop med utvalgte klesmerker. Eg syns derfor det er veldig kjekt å fortelle at me no venter inn kle frå Saint Tropez, Second Female, Custommade, Kristine Vikse og Senze of Joy, og ikkje minst dei avhengighetsskapande superpopulære skjerfa frå Becksöndergaard - litt no og meir til hausten. Skandinavisk design er stikkord for hovedvekta av både interiør- og klesmerkene.
SENZE OF JOY er nytt merke i butikken. Masse fint av interiørvarer og etterkvart får me også inn smykker og litt kle frå samme merke... Det gler me oss til!!
Rålekre peaceputer og paljettputer
Strikkaputer og pledd i nydelig "støva" blå farge
Samme puter og pledd i off white
Duftlys i skjønne glasholdere (som kan brukast til andre ting når lyset er brent ned)